Snøsøstera – Forestilling på Det Norske Teatret
Informasjon
SNØSØSTERA
Av Maja Lunde og Lisa Aisato
Snøsøstera er ei varm historie om sorga over å miste ei søster og gleda ved å få ein ny venn, om overnaturlege ting og ekte juleglede.
Det er 1. desember og snart jul. Men i år gruer Julian seg, sjølv om julaftan til og med er fødselsdagen hans.
Heime hos Julian er nemleg ingenting som det plar vere i desember. Ingenting er som det brukar å vere i det heile. Mor og far til Julian veit knapt kva dag det er, enda mindre at det snart er jul. Vanlegvis er desember den beste tida av året. Han elskar lukta av klementinar og peparkaker, stearinlys og spenninga i adventstida. Men i år er jula avlyst. Storesøstera til Julian døydde nyleg, og sidan har ikkje foreldra vore seg sjølve. Julian er stort sett overlaten til seg sjølv. Alt ser bekmørkt ut – inntil han møter ei underleg jente som heiter Hedvig.
Du får tilbud om rabatterte billetter til kr 350,-/310,-
Du melder deg på og kjøper billetter direkte fra teateret, ved å bruke påmeldingsknappen på vår nettside. Tilbudet får du kun via denne lenken og ikke på teaterets egne nettsider.